Torvtak

Torvtak er ein norsk tradisjon som går langt tilbake i tid. Grunnen til at torv ofte vart brukt før i tida, var for å få god isolering av huset. Torvtaket vart lagt opptil 40 cm tjukt. Fyrst la dei eit lag med graset ned og deretter eit lag med graset opp. I dag har vi ikkje lenger dette behovet for isolasjon, sidan vi har isolasjon i sjølve taket. Likevel er det mange som vel å legge torvtak på hytta og då er det viktig å ta nokre enkle førehandsreglar.

Torva må leggast minimum 15-20 cm tjukt. Dette for at taket ikkje skal turke ut ved lange periodar utan nedbør, og for å få god grasvekst.

Vedlikehald er også viktig for at taket skal halde seg fint over lengre tid. Kvart år bør ein gjødsle og kalke for å gi graset næring. Veks graset seg langt er det også viktig å slå det på hausten slik at ein får grønt og fint torvtak neste vår. Det viktigste av alt er uansett utgangspunktet for torvtaket. Eit godt utgangspunkt er at torva blir henta ut lokalt. Dette er på grunn av bakteriefloraen i sjølve jorda som gjer at ein får betre vekst. Torva vi leverer i Vang er lokal fjelltorv og gir god vekst ved riktig vedlikehald og oppfølging.

Vi kan tilby avtaler for vedlikehald som omfattar årleg vedlikehald av torvtaket ditt. På den måten slepp de sjølve å tenkje på taket, og de kan berre nyte synet av eit grønt velstelt torvtak på hytta!