Viltkjøtt, fisk og kortreist mat

Viltkjøtt er ein stor og lite utnytta ressurs hjå folk flest. Her i Valdres har vi tilgang på elg-, hjorte-, rådyr- og reinskjøt. Dette er råvarer som lokalbefolkninga har brukt i sitt kosthald i generasjonar og er produkt av fyrsteklasse som fleire bør få oppleve. Det finnes ikkje nokon betre smaksoppleving enn indrefilet av hjort som er slakta og mørna på rett måte.

For å få eit godt produkt startar klargjeringsprosessen allereie rett etter at dyret er skote. Dyret skal slaktast etter forskrifter og bli godkjent av ein feltkontrollør eller vetrinær. Etter dette må kjøttet mørnast -  det er då dei gode smakane kjem fram. For å få mørt kjøtt bør dyret henge i minmum 40 døgngrader. Det vil seie med 4 grader i gjennomsnittstemperatur skal dyret henge til mørning i ti døgn. Etter dette blir dyret partert og pakka.

Av kjøttet lagar vi også spekepølse eller "kurv" som vi kallar det lokalt i Valdres. Kurven er produsert lokalt og basert på gamle oppskrifter frå gardane i Valdres. I gamle dagar var det nemleg vanleg at dei på alle gardar laga sin eigen kurv som hang til speking på kvart eit stabbur. Kurven er populær som pålegg samt festmat og fungerar like godt som chips til eit glas øl eller vin!

Vi har også spekeskinker og andre go`biter avhengig av sesong.

I Valdres har vi også ei delikatesse som svem rundt i alle dei lokale fiskevatna våre, nemleg fjellørreten. Fjellørreten kan du få nyte fersk og som rakfisk. På lik linje med den lokale kurven, har også kvar gard i Valdres sin eigen lokale variant med å lage rakfisk. Fisken blir fiska på seinsommaren, tidleg haust og blir lagt ned til rak i omlag tre månader. I frå gamalt vart dette gjort for å kunne lagre fisken til mat utover vinteren, ettersom ein ikkje hadde frysarar.

No i dag held mange gardar denne tradisjonen i hevd for smaken si skuld og eit vanleg spørsmål inn mot jul er: «har de smakt på rakfisken enno?» Har du lyst til å smake den lokale varianten, kan vi hjelpe med det!

Vi har også tilbod om å være med å lage dykkar eigen rakfisk. Då er de med heilt frå starten med å fiske, for seinere å få eit innblikk i korleis vi legg fisken ned til rak. Så er det berre å vente nokre månader i spaning...

Kjøttet er no klart for salg til dykk. Under finn de skjema for bestilling av elgkjøtt. Alle priser er ink. mva. Det tas forbehold om en viss +/- toleranse på vekt/pris pga. deling og størrelse på dyret.

BESTILL KJØTTFyll ut feltene under og send inn
Navn
Telefon
E-post
Velg type kjøtt og størrelseHeilt dyr, partert og pakka (kr 140,- pr. kg )
Halvt dyr, partert og pakka (kr 140,- pr. kg )
Ytrefilét (kr 395,- pr. kg )
Ypperlig helstekt, som biffer og roastbiff.Indrefilét (kr 450,- pr. kg )
Egner seg utmerket helstekt og som biffer.Kverna kjøtt (kr 125,- pr. kg )
Entrecôte (kr 345,- pr. kg )
Fin som roastbiff eller biff.Mørbrad (kr 340,- pr. kg )
Egnet til steik, biff, roastbiff, gryteretter, fondue o.l.Flatbiff (kr 280,- pr. kg )
Egnet til biff, roastbiff, gryte, fondue o.l.Bogsteik (kr 150,- pr. kg )
Biffsnadder, steik, gryte, lapskaus, lettsaltet kjøtt m.m.Lårplomme (kr 280,- pr. kg )
Egnet til bankebiff, rullebiff, steik, gryter o.l.Lårtunge (kr 280,- pr. kg )
Til bankebiff, steik, gryter og rullader. Også fin til speking/røyking.Bankekjøtt (kr 250,- pr. kg )
Til bankebiff, steik, gryter og rullader. Også fin til speking/røyking.Helt lår (kr 190,- pr. kg )
Kun på forespørsel.Kraftbein (kr 10,- pr. kg )
Ypperlig til hjemmelaget suppe og kraftkoking.Spekepølse/"Elgkurv" (kr 350,- pr. stk. )
Eksklusiv elgpølse.Forbrukerpakning I (kr 2.500,- )
Ferdig partert, pakka og merka. Bestående av totalt 10 kg kjøtt. Ca. 5 kg kvernet kjøtt samt div. steiker og biff.Forbrukerpakning II (kr 5.500,- )
Ferdig partert, pakka og merka. Bestående av totalt 25 kg kjøtt. Ca. 15 kg kvernet kjøtt samt div. steiker og biff.
KOMMENTAR TIL BESTILLINGEN